Rot og tillitssvikt rammar styringspartia på Nord-Jæren

Publisert 19. mai 2026. Sist endret 19. mai 2026.
Tom Hetland, tidligere sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, har skrevet denne kommentaren etter målingene for Aftenbladet i Stavanger, og Sandnes i mai. Tusen takk til Tom Hetland for hans grundige og instruktive analyse av de to største byene i oljefylket. Tusen takk også til politisk redaktør Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad for innsyn i bakgrunnsmaterialet fra Respons.
Rot og tillitssvikt rammar styringspartia på Nord-Jæren
Dette er eigentleg ein kommentar til Stavanger Aftenblads meiningsmåling i mai, som viser stor framgang for Frp og dårlege tal for Høgre og Ap i Stavanger og Sandnes (sjå tala annan stad i pollofpolls.no). Men lesaren får bera over med at eg først må gi eit resymé av lokalpolitikken på Nord-Jæren dei siste seks-sju åra.
Av Tom Hetland
Stavanger blir blå igjen
«Stavanger har falt», var overskrifta i Dagbladet etter kommunevalet i 2019. For ein gongs skuld var ikkje krigsmetaforen heilt malplassert. Stavanger var i mange år ei festning for Høgre. «Den blå byen» vart stadig løfta fram som eit utstillingsvindauge for Høgre-politikk. At partiet mista ordføraren etter 24 samanhengande år ved makta, var ein sensasjon.
Arbeidarpartiet sin populære ordførarkandidat Kari Nessa Nordtun klarte det kunststykket å gjera den tradisjonelt svake Ap-byen Stavanger til ein av dei sterkaste for partiet. Likevel, maktskiftet i 2019 hadde ikkje lukkast utan ein trojansk hest: «Folkeaksjonen nei til mer bompenger» (FNB) opererte langt inne på blått territorium, tok grådig for seg av Høgre- og Frp-veljarar og brukte stemmene til å skapa eit raud-grønt fleirtal i Stavanger.
Fire år seinare var FNB ute av spelet. Sjølv om Nordtun og hennar allianse også nå gjorde eit uvanleg godt val, heldt det ikkje heilt til mål. Høgre og dei borgarlege var tilbake i førarsetet, og Sissel Knutsen Hegdal gjorde seg klar til fire år som Høgre-ordførar. Normaliteten var tilsynelatande gjenoppretta.
Sandnes: slutt på Ap + Frp
Det same kunne ein seia om naboen i sør. Sandnes var også ein blå by, om enn med eit sterkare sentrumsinnslag enn Stavanger. Høgre hadde ordføraren samanhengande frå 1994 til 2011. Då vekte Sandnes nasjonal oppsikt gjennom eit samarbeid mellom Ap og Frp. Det var til og med populært. Ordførar Stanley Wirak (Ap) og varaordførar Pål Morten Borgli (Frp) slo på dei bypatriotiske strengene og personifiserte motstanden mot å slå seg saman med storebror i nord.
Det kunne ikkje vara evig. I 2023 var unntakstilstanden oppheva, Høgre vart største parti og Kenny Rettore (H) ordførar i spissen for ein borgarleg koalisjon. Normaliteten var tilsynelatande oppretta, også i Sandnes.
Uro, utmeldingar og sideskift
Men så begynte spetakkelet. Etter eitt år vart Sissel Knutsen Hegdal pressa til å gå av som ordførar i Stavanger etter påstandar om misbruk av valkampmidlar til privat forbruk. Ho melde seg deretter ut av partiet. Den ganske ukjende Tormod Losnedal tok over ordførarkjedet.
Og verre skulle det bli. Samarbeidsforholda på borgarleg side var dårlege og fleirtalet knapt, sjølv med støtte frå Senterpartiets eine representant som skifta side. Særleg var tilliten sviktande mellom Høgre og Frp, og i fjor gjekk det så langt at Frp stemte subsidiært på Ap sitt budsjettforslag, som dermed fekk fleirtal. Høgre-ordførar Losnedal styrer dermed på eit raud-grønt budsjett.
I Sandnes gjekk det ikkje stort betre. Høgres gruppeleiar var dagleg leiar i eit firma, og greidde ikkje skilja mellom privatøkonomi og bedriftsøkonomi. Han måtte gå, og gjekk samstundes ut av partiet. Etter kvart fekk han følgje av tre andre, som skulda på dårleg klima i Høgre-gruppa. Dermed er Høgre i Sandnes redusert frå 13 til 9 representantar i kommunestyret, og Frp er nå det klart største partiet.
Kva seier veljarane?
For det første, og ikkje overraskande: Tilliten til lokalpolitikarane er svekka. Ifølgje ei meiningsmåling som Respons Analyse har gjort for Stavanger Aftenblad i perioden 29.april-6. mai seier over ein tredel av veljarane at dei har fått mindre tillit til lokalpolitikarane dei siste par åra. Nesten ingen har fått sterkare tillit, vel halvparten svarar at tilliten er uendra. Tala er ganske like for Stavanger og Sandnes, og det er ingen vesentlege forskjellar mellom dei største partia. På så kort tid er dette eit alvorleg tillitsfall.
Kven tener på all ugreia?
Først og fremst Framstegspartiet. Partiet er nå suverent størst i Sandnes med 33,7 prosent, dobbelt så stort som Høgre. I Stavanger er dei to partia like store med 24 prosent kvar. Frp blir altså slettes ikkje straffa for budsjetteventyret med Ap før jul.
Men målinga har også ein annan vinnar: Raudt oppnår heile 8,5 prosent i Stavanger og 5,0 i Sandnes, og har fullstendig overtak på SV i kampen om hegemoniet på ytre venstre.
Bakom syng sjølvsagt rikspolitikken: Sylvi Listhaug og Mímir Kristjánsson, lokal helt på den nasjonale arenaen. Men dei to ytterpartia har altså også styrkt stillinga si i kommunepolitikken og får betre resultat på kommunemålinga enn i stortingsvalet i fjor. Politikken blir polarisert, også på Nord-Jæren.
Kven taper?
«Styringspartia», som det nå er rettast å setja i hermeteikn, slit tungt. Høgre har gått kraftig tilbake sidan kommunevalet i 2023 i både Stavanger og Sandnes. Likevel ser det ut til at partiet har henta seg litt inn i forhold til det dårlege stortingsvalet i fjor, særleg i Stavanger, der Høgre nå ligg 6 prosentpoeng høgare. Bakgrunnstala viser at Høgre i Stavanger sidan stortingsvalet har henta langt fleire veljarar frå Ap enn dei som har gått motsett veg.
I Sandnes går det dårlegare for Høgre, og det er rimeleg å tru at den kontinuerlege indre uroa har vore lammande for partiet. I Sandnes går også Ap litt fram, rett nok frå eit elendig val i 2023.
I det heile teke ser det ut til at Arbeidarpartiet har størst trøbbel med veljarane sine for tida, og at det er Støre-regjeringa som først og fremst dreg partiet ned. Lojaliteten sidan stortingsvalet er lågare i Ap enn hos både Høgre og Frp, og Ap har flest veljarar sitjande på gjerdet. Bakgrunnstala viser interessant nok at det ikkje i første rekkje er overgang frå andre parti som fører Frp til himmels, men at 2025-veljarane i uvanleg sterk grad held fast ved partiet. Lojaliteten i Sandnes er på heile 83 prosent. Rasisme-skandalen på Frp-landsmøtet samstundes som målinga vart teken opp har ikkje gjort særleg inntrykk, her er det tydelegvis sterkare drivkrefter i sving.
Kva vil skje fram mot kommunevalet?
Det er halslaus gjerning å spå om politikk 16 månader fram i tid. I dag ser det likevel ut til at Frp har stø kurs mot ordførarvervet i Sandnes. I Stavanger har Høgre større sjansar, sjølv om tida som den dominerande politiske krafta i byen synest vera over.
Men etter at veljarane har sagt sitt, skal det forhandlast. Og Rogaland har som sagt tradisjon for utradisjonelle koalisjonar på tvers av blokkgrensene. Ingenting kan utelukkast, heller ikkje at Ap og Frp finn saman i nye kommunar. Om det fører til at tilliten til lokalpolitikken styrkjer seg igjen, er eit anna – og viktigare – spørsmål.
Omtalte meningsmålinger
- Respons Analyse for Stavanger Aftenblad (11/5-2026)
- Respons Analyse for Stavanger Aftenblad (9/5-2026)
Omtalte kommuner
Flere artikler om omtalte kommuner
- Storby-gjennombrudd for Listhaug (9. mai 2026)
- Største parti i kommunevalget 2027 – ? (17. desember 2025)
- Hjemmesittere løfter Kari Nessa Nordtun (8. september 2023)
- Hegdal vs Nordtun i Stavanger (15. august 2023)
- Eldst: Ruth Hermann, KrF, Verdal (1924) (13. august 2023)
- 2.500 Ap-velgere avgjør i Stavanger (13. mars 2023)
- Sandnes Høyre 41 pst – ? (24. januar 2023)
- Stavanger: Ap-lekkasjen til H øker (4. desember 2022)
- Rogaland tilbake til normalen? (20. september 2022)
