Poll of polls

Kan regjeringspartia reisa seg igjen?

illustrasjon

Publisert 22. juni 2022. Sist endret 22. juni 2022.

Tom Hetland stiller dette spørsmålet i sin kommentar for pollofpolls etter at Stortingets vårsesjon nå er avsluttet. Hetland har vært sjefredaktør, politisk redaktør og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Hetlands form er analytisk og kompakt. Nynorsk, som Hetland skriver, er på sitt beste – og der er Tom Hetland – ofte mer poengtert enn bokmål der det er lettere å henfalle til ordrikdom.

Kan regjeringspartia reisa seg igjen?

TOM HETLAND

Aldri har ferske regjeringsparti tapt så mykje på så kort tid. Det er ein gjengangar i kommentarane til dei første åtte månadene med Støre-regjering. Og med rette.

Gjennomsnittet av junimålingane så langt på pollofpolls.no viser at Arbeidarpartiet har gått ned frå 26,3 prosent i stortingsvalet til 21,5 nå, ein tilbakegang på 4,8 prosentpoeng. For Senterpartiet er tala endå verre: minus 6,1 prosentpoeng frå 13,5 til 7,4. Til saman har dei to partia tapt meir enn kvar fjerde veljar som stemte på dei i september i fjor.

Berre uflaks?

Støre og Vedum kan saktens skulda på uflaks. Sant nok – rekordhøge straum- og bensinprisar, pluss krigen i Ukraina på toppen, ville ha skapt trøbbel for ei sitjande regjering uansett partifarge. Men Arbeidarpartiet og Senterpartiet har også seg sjølv å takka. Dei hadde skapt store forventningar til ein ny og kraftfull kurs, til beste for «vanlege folk». I staden opplever mange at regjeringa er tafatt, avventande og defensiv. I staden for å ta djerve grep, overlet regjeringa altfor ofte initiativet til opposisjonen. SVs rolle som føretrekt støtteparti gir også dette partiet mange sjansar til å skåra politiske poeng ved å «retta opp» upopulære forslag frå regjeringa.

Det er gode grunnar til å la vera å kompensera for skyhøge bensinprisar, sjølv om det for tida er den saka som tappar særleg Senterpartiet for flest veljarar. Men ein kunne tenkt seg at regjeringa då hadde valt ein kraftigare «blod, sveitte og tårer»-retorikk: Også nordmenn må ofra noko for straffetiltaka mot Russland og solidariteten med Ukraina. Det kunne faktisk ha blitt forstått. Men også her har regjeringa trødd varsamt.

Håp om betre tider

Nå ser det ut til at strategien er å stå i stormen, for all del unngå altfor sterk renteauke, og håpa på betre tider etter kvart.

Men er det realistisk? Eller har Støre og Vedum alt tapt så mykje politisk kraft og kapital at det ikkje let seg henta inn igjen?

Ingen kan naturlegvis seia noko sikkert om det, og tre år er lang tid. Nokre vurderingar kan ein likevel gjera seg.

Senterpartiet er som nemnt verst ute. Ei trøyst kan vera at tilbakegangen ser ut til å ha flata ut frå mai til juni. Bakgrunnstala for mai (pollofpolls.no har ikkje lagt ut tilsvarande for juni) viser også at Sp er det partiet som har suverent flest av 2021-veljarane sitjande på gjerdet, 28,7 prosent. Desse veljarane er normalt lettare å få tilbake enn dei som har gått over til eit anna parti. Sp har dessutan tidlegare ofte hatt høge veit ikkje-tal, men mobilisert mange av dei usikre på valdagen.

Dersom det skjer igjen, er det ikkje utenkjeleg at Vedum kan stiga opp mot 10-talet att. Det er også nivået for Sp på Svein Tore Marthinsen sine kommunevalmålingar (11,2 i mars og 9,7 i juni), og kan indikera eit øvre potensial for Sp akkurat nå. Det er framleis ein stor tilbakegang i forhold til vala i 2019 og 2021, men ser me litt lenger bakover i tid, er det ikkje noko dårleg resultat for Sp.

Eg trur også at Sp-leiarane har ein enklare politisk jobb enn Støre. Dei fleste bensinprotest-veljarane er nok tapte til Frp for godt. Men Sp gjer jobben med å levera eit godt jordbruksoppgjer og løysa opp tvangssamanslåtte fylke og kommunar. At partiet går i bresjen for å stramma inn på den statlege pengebruken til nybygg og konsulentar, er neppe heller upopulært blant sympatisørane, spesielt dei meir borgarleg innstilte, sjølv om det er mykje kjeft å få undervegs. Gode fiendar er som kjent ikkje å forakta.

Arbeidarpartiet har som nemnt noko mindre tilbakegang, og klart større lojalitet enn koalisjonspartnaren (65,7 prosent mot 41,6 prosent for Sp). I lys av dette er 18,3 prosent av 2021-veljarane på gjerdet eit tal som kanskje kan gi ein viss grunn til optimisme. Mange av desse er ikkje tapte for godt. Og av dei som har meldt overgang til andre parti, går relativt mange til SV og Raudt. Ap og Sp har omtrent like mange fråfalne til borgarleg side, cirka 60.000 kvar, men prosentvis er avgangen den vegen mindre for Ap.

Eit mål for Ap neste år kan vera å kopiera eller forbetra resultatet ved kommunevalet i 2019 på 24,8 prosent. Det er innan rekkevidde, Marthinsens målingar viser 24,1 for mars og 23,0 for juni. Sjølv om dette Ap-resultatet historisk sett vil vera eit av dei dårlegaste, kan det psykologisk vera viktig for å visa at botnen er passert. Dessutan kan Ap då lettare kunna forsvara mange av dei lokalpolitiske posisjonane sine.

Politisk er likevel balansegangen vanskeleg for Støre. Han taper veljarar både til Høgre, Venstre, SV og Raudt, og det er vanskeleg å tilfredsstilla den eine sida utan at det blir tap i den andre enden. Samstundes er det stadig tydelegare teikn på indre misnøye med Sp-samarbeidet, sist uttrykt ved storby-Ap si støtte til Kristiansand i striden om oppløysing av storkommunen. Om det nå også blir kraft bak kravet om ein ny EU-debatt, kan sjølv Støre sine diplomatiske evner koma til kort.

Tidlegare har styringsevna vore Ap sitt kanskje sterkaste kort, og kompensert for ganske store politiske spenningar internt. Slik greidde Gro Harlem Brundtland å halda Ap samla ved makta gjennom harde økonomiske tider og ein intens EU-debatt på 1990-talet. «Ørnen blant partiene» er ikkje like mektig og frykta i dag, men det burde vera mogleg med eit krafttak for å gjenvinna ein del av det politiske initiativet. Komande haust, med det første heilt ut eigne statsbudsjettet, byr på nye sjansar som Arbeidarpartiet ikkje har råd til å kasta bort.

Men regjeringa styrer ikkje alt. Og dersom uflaksen held fram, og ein «misnøyens vinter» blir avløyst av ein miserabel sommar med passkrise, flykaos, streikebølgje, ny covid-oppblomstring, rentegalopp og meir som gale er, kan Trygve Lies kjende ord bli snudde på hovudet: «Alt mislykkes for denne regjering».

Del på Facebook