Poll of polls

Kampen på venstresida – allierte og rivalar

Publisert 12. april 2021. Sist endret 12. april 2021.

Tom Hetland har vært sjefsredaktør og kommentator i Stavanger Aftenblad. Han har skrevet flere kommentarer på denne plass. I pollofpolls setter vi stor pris på kontakten med Tom Hetland.

I denne kommentaren tar han for seg kampen mellom partiene på venstresiden – Ap, Sp, SV, MDG og Raudt, under tittelen «Kampen på venstresida – allierte og rivalar».

Fem månader før stortingsvalet tyder meiningsmålingane på at dei raud-grøne partia vil vinna med klar margin. Dei fem partia Ap, Sp, SV, MDG og Raudt får til saman som regel 100 mandat og vel så det på målingane, og slik har det vore i lang tid.

Det er likevel eit svært annleis styrkeforhold på raud-grøn side i dag enn då Jens Stoltenberg styrte regjeringskoalisjonen av Ap, SV og Sp i perioden 2005-2013. Den gongen var Ap om lag dobbelt så stort som dei andre raud-grøne partia til saman. Nå representerer Ap berre cirka 40 prosent av stemmestyrken til dei raud-grøne. Veljarane har strøymt til alle kantar. Partiet har dei siste åra likna ein gammal og slapp kval, omgitt av glupske haiar som har glefsa til seg store stykke av det tidlegare så stolte og mektige dyret.

Til Sp og til småpartia
Veljarovergangane frå Ap til Sp har vore dei største, og dei som har vekt størst merksemd. I valet i 2009, det siste som gav raud-grøn siger, fekk Ap 35,4 prosent av stemmene. På gjennomsnittet av seks mars-målingar hos pollofpolls.no ligg partiet på 22,4 prosent, ein tilbakegang på 13,0 prosentpoeng. Sp har på si side gått fram om lag like mykje, frå 6,2 til 19,6 prosent. Men berre om lag ein tredel av denne veksten kjem frå Ap. Vedum & Co har som kjent også fått kraftig tilsig frå Høgre, Frp, KrF og Venstre.

Tilbakegangen for Ap har dermed i stor grad også kome dei mindre partia på raud-grøn side til gode. SV, MDG og Raudt har til saman dobla seg frå 7,8 prosent i 2009 til 15,5 i dag.

Desse partia kjempar først og fremst med Ap og med kvarandre om veljarane. Bortsett frå ei viss rivalisering mellom MDG og Venstre om urbane miljøveljarar, dreg dei knapt stemmer over blokkgrensa. Men sjølv om dei tre partia i liten grad påverkar det samla stemmetalet for den raud-grøne blokka, kan styrkeforholdet dei imellom faktisk avgjera valutfallet. Om eitt eller to av dei ikkje greier sperregrensa på 4,0 prosent, og om Erna Solberg og hennar allierte får til ein god valkamp, kan resultatet mellom blokkene på Stortinget bli jamnare enn det ser ut til nå.

I 2017 vart det avgjerande at Venstre og KrF greidde sperregrensa, medan MDG og Raudt ikkje gjorde det. Dersom Ap- og SV-veljarar hadde stemt taktisk og hjelpt MDG over 4 prosent-terskelen den gongen, i staden for at Høgre gav ei nødvendig handsrekning til Venstre, kunne Jonas Gahr Støre ha blitt statsminister.

Kva er så stoda for dei tre raud-grøne småpartia i dag?

SV trygt
Berre SV av dei tre partia kan kjenna seg rimeleg trygg på å greia sperregrensa. Partiet har styrkt seg sidan valet i 2017 og gått fram frå 6,0 prosent til 7,6 prosent på mars-målingane.

Historisk har det ofte vore stort samsvar mellom Ap sin framgang og SV sin tilbakegang. Det er ikkje like tydeleg nå. SV hentar rett nok flest nye veljarar frå Ap, 26.000, men dette er berre rundt ein femdel av det samla veljartapet som Ap har hatt til andre parti sidan 2017. Frustrerte Ap-sympatisørar går like gjerne til andre parti, blant dei Raudt, som me skal koma tilbake til.

Også SV merkar konkurransen frå oppkomlingen på ytre venstre. Netto avgang er på 13.000 veljarar. Kvar tiande SV-veljar i 2017 har skifta over til Moxnes sitt parti.

Når Audun Lysbakken så langt likevel kan sjå med forventning fram mot valnatta, skuldast det først og fremst at det er ro i rekkene og stabilitet i veljarflokken. SV ser ut til å ha funne ein balanse mellom det raude og det grøne som veljarane er tilfreds med, og profilerer seg som dei mest samarbeidsorienterte på raud-grøn side.

70 prosent av 2017-veljarane ville stemt på partiet igjen. I tillegg hentar SV 35.000 veljarar, like mange som Frp, frå dei som ikkje stemte i 2017. Og sist, men ikkje minst, utvekslinga med MDG er nede på null. Faren for at SV skulle lida massivt tap av miljøveljarar til MDG, som kunne synast overhengande etter det gode lokalvalet til MDG for to år sidan, ser førebels ut til å vera avverja.

MDG slit
Tvert om er det MDG som nå slit hardast av dei tre partia. Etter brakvalet i 2019, med 6,8 prosent i kommunevalet, er partiet nå nede på 3,6 prosent på målingane, nesten like lågt som i 2017.

Lojaliteten frå 2017 er på 58 prosent, og utvekslinga med andre parti er ganske liten: litt tilsig frå Ap og Venstre, litt avgang til Raudt og Høgre. 21.000 nye stemmer kjem frå dei som ikkje stemte sist, men det er langt frå den ungdomsbølgja av begeistring som MDG opplevde for to år sidan.

Årsakene kan vera fleire. Koronapandemien har gjort folk meir opptatt av dei nære ting: helse, arbeid og inntekt, medan klima og miljø har kome i skuggen. Den miljøsaka som har skapt størst engasjement, vindkraftopprøret, har ikkje hjelpt MDG. Både partiet og miljørørsla har kome i skvis mellom tradisjonelt miljøvern og utbygging av klimavennleg fornybar energi.

Sluttdato for oljeutvinning og andre radikale tiltak med knappe tidsfristar blir oppfatta som urealistiske av svært mange veljarar. Me ser også spenningar i partiet mellom bygd og by, og mellom ei individuell-moralistisk «woke og veganar»-linje og ein meir pragmatisk kurs med større vekt på grøn næringspolitikk og jamnare fordeling.

Raudt tappar Ap
Kritikk mot manglande realisme har også i høgaste grad ramma Raudt. Likevel ligg partiet eit hestehovud eller to framfor MDG i kappløpet om å greia sperregrensa. 4,3 prosent noterte Raudt seg for på gjennomsnittet av mars-målingane, ein framgang på 1,9 prosent sidan 2019.

Kommentator Frithjof Jacobsen i Dagens Næringsliv trekte nyleg fram Rogaland-toppkandidaten Mímir Kristjánsson som eksempel på den nye politikartypen som gir Raudt suksess – ein «sjarmerande venstreramp» i tradisjonen frå Jon Michelet, og i kontrast til tidlegare tiders ofte dogmatiske og humørlause marxist-leninistar.

Kristjánsson er unekteleg interessant, ikkje minst fordi han på den siste Rogalands-målinga får 3,6 prosent og faktisk ikkje er sjanselaus på eit direkte mandat frå det elles så blå fylket. Går me til bakgrunnstala, som rett nok er små og dermed må behandlast forsiktig, ser me at Mímir forsyner seg grovt av gamle Ap-sympatisørar. Av dei som vil stemma Raudt i Rogaland i dag, er det dobbelt så mange som stemte Ap i 2017 som det var som valde Raudt. Ap i Rogaland taper like mange veljarar til Raudt som til Sp.

Dette gjennombrotet skuldast nok at mange industriveljarar har merka seg Mímirs kamp mot sluttdato for oljå, samstundes som dei er misnøgde med Ap si støtte til EØS og EUs energisamarbeid Acer. Mímir Kristjánsson har også spela på nostalgiske Ap-strenger med bøker som «Hva ville Gerhardsen gjort?» og «Tranmæls metode». Det har heller ikkje skada at den hyperaktive 34-åringen er trekt inn i varmen i den breie styringskoalisjonen i Stavanger, som leiar for det viktige utvalet for arbeidsliv og lønn. Det er ikkje lett å skremma med revolusjonsfaren då.

Nå er Mímir eit spesialtilfelle, også i Raudt. Ikkje alle er like pragmatiske og moderate som han, eller deler hans omsorg for oljeindustrien. Andre i partiet er for eksempel meir opptekne av identitetspolitiske spørsmål, som antirasisme og transaktivisme. Det er blitt strekk i laget, også i Raudt.

Men også på landsbasis er det påfallande kor sterkt Raudt appellerer til tidlegare Ap-veljarar. 13.000 av dei har gått over sidan 2017, om lag like mange som Raudt har fått frå SV. Og Raudt er faktisk det einaste partiet som ikkje har netto veljartap til noko anna parti. Jamvel Sp har litt lekkasje til dei gamle revolusjonære.

Det står att å sjå om dette held heilt fram til valdagen. Det kan sjølvsagt henda at tilstrekkeleg mange Ap-fråfalne tek ein høgresving og finn tilbake til Jonas Gahr Støre, og at Raudt må sjå langt etter 4-talet denne gongen òg.

Men Raudt og dei andre småpartia har i alle fall den fordelen at dei kan gå med fana høgt inn i valkampen, utan sjenerande taktiske sideblikk. Ap, derimot, må kjempa ein kamp på mange frontar, også mot parti som dei kan bli avhengige av for å få makta. Det blir ikkje enkelt.

Tom Hetland

Del på Facebook