Poll of polls

Valgresultater: Kommunestyrevalget | Fylkestingsvalget | Siste oppdateringer | Beste målinger

Senterpartiets to gullaldrar – brot eller kontinuitet?

Publisert 1. august 2019. Sist endret 1. august 2019.

Kommentator Tom Hetland – tidligere sjefredaktør i Stavanger Aftenblad – sammenligner i denne kommentaren Senterpartiets to sterke perioder – 1993 og 2017–2019. Spørsmålet han reiser er «om Senterpartiet nå trekkjer til seg dei same veljargruppene som i 1993, eller om det er viktige forskjellar mellom dei to Sp-bølgjene». Vi retter en hjertelig takk til Tom Hetland for at han vil dele sin kunnskap og analytiske evne med leserne til pollofpolls.no.

Senterpartiet ligg på meiningsmålingane i første halvår tett oppunder rekordresultatet i 1993, då EU-saka dominerte dagsordenen og Senterpartiet stod fram som det klaraste nei-partiet.

I stortingsvalet for 26 år sidan fekk Senterpartiet 16,8 prosent av stemmene. På gjennomsnittet av stortingsmålingane i juni i år oppnår partiet 14,7 prosent, og på fylkestingsmålingane ligg partiet på 13,3 prosent. Veksten har dermed vore kraftig også i dei to åra som har gått sidan det gode 2017-valet, der Trygve Slagsvold Vedums parti vart valvinnar med 10,3 prosent.

Kontrasten er stor til bølgedalen mellom dei to toppane, då Senterpartiet heldt eit nivå på pluss/minus 6 prosent av stemmene.

Spørsmålet ein kan stilla seg, er om Senterpartiet nå trekkjer til seg dei same veljargruppene som i 1993, eller om det er viktige forskjellar mellom dei to Sp-bølgjene?

SV-overgangen gjorde ein forskjell

For det første: Kjem veljarovergangane til Senterpartiet frå dei same partia nå som i 1993?

Valundersøkingane til Institutt for samfunnsforsking og Statistisk sentralbyrå kan gi oss svar. Tabellen under viser netto overgang til Senterpartiet frå ulike parti, målt som del av den totale veljarmassen:

1993 2017
Ap 3,1 1,8
H 1,9 0,7
Frp 1,1 0,3
V 0,5 0,7
KrF 0,6 0,5
SV 2 0,1

Både i 1993 og 2017 var Arbeidarpartiet det partiet som gav frå seg flest veljarar til Senterpartiet, denne tendensen er relativt sett tydelegare i 2017 enn i 1993. Men som tidlegare nemnt har Sp-veksten halde fram også etter 2017, og tal som er presenterte i ein pollofpolls-kommentar nyleg («Er Sp blitt mer «borgerlig», publisert 8. juli) tyder på at tilsiget sidan 2017 er nokså likt frå Ap, Høgre og Frp. Kvart parti leverer cirka 30.000 stemmer, eller 1 prosent av den totale veljarmassen, til Vedum. Plussar me dei på, blir tala ganske like dei tilsvarande i 1993. Det same gjeld utvekslingsforholdet til Venstre og KrF.

Derimot er det eitt parti som skil seg tydeleg ut. I 1993 hadde ein av sju Sp-veljarar stemt SV fire år tidlegare. Det utgjorde 2,0 prosent av den samla veljarmassen. Til samanlikning var overgangen frå SV til Sp på bagatellmessige 0,1 prosent i 2017, og sidan valet har utvekslingsforholdet mellom dei to partia gått i null.

Om ein ser isolert på desse tala, kan faktisk forskjellen i veljarbytet mellom Sp og SV forklara heile mankoen til Senterpartiet i forhold til 1993-valet. Med to prosent ekstra frå SV ville Sp lege ganske nøyaktig på 1993-nivået. Men veljarane til venstre for Ap er tydelegvis ikkje like mottakelege for Sp sin politiske bodskap i dag som under EU-kampen. Dessutan har dei som kjent fått fleire parti å velja mellom.

Betre i nord og aust, dårlegare i sør og vest

Dette fører oss vidare til spørsmål to: Er det tydelege regionale forskjellar mellom Senterpartiet si oppslutning i 1993 og 2019?

For å finna ut av dette, har eg sett på dei ferskaste fylkesmålingane som ligg ute på pollofpolls.no og jamført med fylkesresultata i 1993, tilpassa den nye fylkesstrukturen. Det er sjølvsagt ikkje ideelt å samanlikna stortingsval og fylkestingsval, men det er dessverre ikkje tilstrekkeleg mange aktuelle fylkesmålingar med spørsmål om stemmegiving ved stortingsval. Ei viss feilkjelde ligg også i dei demografiske endringane frå 1993 til 2019, men her handlar det om å identifisera dei store linene, ikkje om finrekning av prosentar.

På landsbasis ligg Senterpartiet som nemnt an til å få 13,3 prosent i fylkestingsvalet, det utgjer 79 prosent av oppslutninga i 1993. Ei tilsvarande utrekning på fylkesnivå gir denne lista:

1993 2019 Prosent
Innlandet 22,6 29,8 132
Troms og Finnmark 21,1 21,8 103
Viken 11,2 10,6 95
Trøndelag 22,6 20,8 92
Vestfold og Telemark 14,5 12,6 87
Nordland 23,9 19,6 82
Hele landet 16,8 13,3 79
Vestland 19,7 14,5 73
Møre og Romsdal 23,8 17,4 73
Agder 16,9 10,5 62
Rogaland 18 10,3 57
Oslo 4,4 1,5 34

Dei regionale forskjellane er tydelege. Det indre austlandsområdet og landet nord for Dovre har ei relativt sett betre utvikling for Senterpartiet enn gjennomsnittet. Sør- og Vestlandet pluss Oslo leverer dårlegare resultat.

Det er eit mønster me såg konturane av alt i 2017-valet, og det har forsterka seg sidan. Sjølv om sentrum-periferikonflikten i høgaste grad stod sentralt i EU-debatten, er denne dimensjonen blitt endå viktigare for å forklara Senterpartiets framgang i dag. Partiet står merkbart svakare i Oslo og andre storbyar enn i 1993, medan dei mest typiske utkantområda i mange tilfelle ligg over 1993-resultatet (Nordland ville også gjort det, med 115 prosent, dersom me hadde lagt til grunn den siste InFact-målinga for Nordlys. Her vel me å følgja pollofpolls.no, som ikkje reknar med målingar som i utgangspunktet er laga for ein heil landsdel).

I hovudstaden får Senterpartiet berre ein tredel av oppslutninga partiet hadde i 1993. Sp, som lenge har vore utan representantar i Oslo bystyre, taper nok litt på at det i Oslo-målinga blir spurt om bystyreval (i stortingsvalet i 2017 fekk Sp 2,1 prosent i Oslo). Men tendensen er likevel klar. Vedum er langt unna å slå gjennom i hovudstaden. Byradikalarane som gjekk til «nei til EU-partiet» i 1993, går ikkje til «nei til Oslo-eliten-partiet» i 2019.

Kontrasten Innlandet-Rogaland

Ser me bort frå Oslo, er Innlandet og Rogaland ytterpunkt på lista. I 1993 var dei begge sterke Sp-fylke, med ei oppslutning over landsgjennomsnittet. Begge er også viktige landbruksfylke. Men sidan 1993 har dei utvikla seg forskjellig. Rogaland har opplevd sterk vekst, basert på kystnæringar som olje, havbruk og anna maritim verksemd. Det same er i stor grad tilfelle for resten av Sør- og Vestlandet. Store delar av Innlandet har derimot slite med stagnasjon og fråflytting.

Utkantproblema som driv veljarar i aust og nord til Senterpartiet, vert ikkje opplevde som like presserande på kysten i vest og sør. Den tradisjonelt borgarlege politiske kulturen i kystkommunane på Sør- og Vestlandet kan også vera eit hinder for overgang til eit Sp som har valt raud-grøn side. I fjell- og fjordkommunane i landsdelen er bildet derimot eit anna. I den gamle Ap-bastionen Sauda noterte Senterpartiet seg for over 50 prosent på siste lokale måling. I 1993 fekk dei 20 prosent.

Sauda er eit ekstremt eksempel på kor sterkt utkantprotesten har slått ut til fordel for Senterpartiet, og kanskje vil det vera endå ein del stemmer å henta ut i distrikts-Norge. Men det evige problemet for partiet – å få fotfeste i byane – er større i dag enn i 1993. Klarer ikkje Trygve Slagsvold Vedum & Co å løysa storbykoden denne gongen heller, blir det vanskeleg å etablera seg fast blant dei større partia i norsk politikk.

Tom Hetland

Del på Facebook

Flere artikler om Sp

Vis alle artikler om Sp