Poll of polls

Vestlandet – den ukjende X

Publisert 28. august 2017. Sist endret 29. august 2017.

Tom Hetland, mangeårig kommentator i Stavanger Aftenblad, har på vår anmodning analysert Vestlandet. Hetlands form er analytisk og kompakt. Nynorsk, som Hetland skriver, er på sitt beste ofte mer poengtert enn bokmål der det er lettere å henfalle til ordrikdom.

Både statsminister Erna Solberg og utfordraren Jonas Gahr Støre har brukt mykje tid på Vestlandet i denne valkampen. Strategar på begge sider av blokkgrensa ser at landsdelen kan bli avgjerande for kven som til slutt vinn valet.

Ikkje berre har dei fire vestlandsfylka 43 av dei 169 mandata på Stortinget. Som følgje av oljeprisfallet har det skjedd dramatiske endringar i arbeids- og næringslivet på Vestlandet. Over 40.000 arbeidsplassar har gått tapt i oljenæringa, flest i Rogaland. Normalt skulle ein tru at ei slik krise vil gi seg politiske utslag. Så er spørsmålet: Kva veit me, to veker før valet, om kven som vil vinna Vestlandet?

Svaret er: Så godt som ingen ting. Meiningsmålingane gir eit om mogleg endå meir sprikande og forvirrande bilde av tendensane enn tilfellet er i resten av landet.

Unntaket Sogn og Fjordane

Eitt unntak finst. Sogn og Fjordane viser det same mønsteret som andre typiske distriktsfylke i Nord-Norge og Innlandet. Sentrum-periferidimensjonen dominerer dagsordenen i eit fylke der mange opplever at dei blir ribba for tenester og institusjonar – inkludert sjølve fylkesstatusen. Senterpartiet går mot eit brakval og hentar stemmer både frå Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet.

Sp-oppslutninga ser ut til å vera grunnfesta. På dei fire målingane som er gjort sidan mars varierer Sp-prosenten berre med 0,6 - frå 33,5 til 34,1. Det gir to mandat i fjordfylket, om ikkje Høgre kan løfta seg i innspurten og forsvara den eine representanten partiet har i dag.

Thriller i Møre og Romsdal
For Møre og Romsdal veit me mindre om den nyaste utviklinga. Siste måling er gjort av InFact for Tidens Krav, Aura Avis og Romsdals Budstikke så tidleg som 21. juli, og viser mykje av det same mønsteret som i Sogn og Fjordane. Senterpartiet doblar oppslutninga. Særleg på Nordmøre, der sjukehusstriden har dominert dagsordenen, har Sp hatt framgang.

Det er likevel langt frå sikkert at Sp får mandatgevinst. InFact-målinga viste at det går mot ein thriller mellom Sp, Frp og Høgre i kampen om å få to mandat. På målinga hadde både Sp og Frp 16,8 prosent og fekk to, medan Høgre med 16,5 låg an til å tapa sitt andremandat knepent. Så skal det seiast at Høgre noterte seg for heile 21,7 prosent på Respons Analyse-målinga for Adresseavisen 23. juni. Der var til gjengjeld KrF ute – i eks-statsminister Kjell Magne Bondeviks heimfylke. Møre og Romsdal er dermed eitt av mange fylke der institutta serverer sterkt varierande tal.

Arbeidarpartiet har derimot hatt nokså like noteringar på dei to siste målingane i Møre og Romsdal. Både på InFact-målinga og på Respons-målinga for Adresseavisen 23. juni var partiet nede på 2013-nivå. Dersom utviklinga i Møre og Romsdal har følgt landstendensen den siste månaden, indikerer det at Ap slit i fylket. Dei to mandata partiet har i Møre og Romsdal bør likevel vera sikre.

Frp blir eit særleg interessant parti å følgja i Møre og Romsdal. Partiet stiller med to statsrådar på topp, omstridde Sylvi Listhaug og landbruksminister Jon Georg Dale. Det var strid i lokalpartiet omkring nominasjonen, der tidlegare Stranda-ordførar Frank Sve opphavleg vart sett på topp, men trekte seg til fordel for Listhaug. Målingane syner så langt at Frp held stillinga betre enn Høgre i Møre og Romsdal.

Sprikande i Rogaland og Hordaland
Den avgjerande kampen står likevel i dei mest folkerike og urbaniserte vestlandsfylka, Hordaland med 16 representantar og Rogaland med 14. I desse tradisjonelt blå fylka har Ap håpa å gjera eit skikkeleg innhogg.

Igjen gir meiningsmålingane oss lite hjelp. I Hordaland kom dei siste fylkesmålingane 15. og 16. august, først Respons for Bergens Tidende og deretter InFact for Bergensavisen. For Høgre varierte tala frå 29,9 prosent hos Respons til 21,9 hos InFact. For Ap var forskjellen litt mindre, 25,4 hos Respons mot 29,3 hos InFact. I tråd med mønsteret elles i landet gir InFact også betre tal for Sp (9,9 mot 5,6) og SV (6,4 mot 4,3), medan forskjellen er mindre for dei andre partia.

I Rogaland er bildet det same. Høgre får 21,2 prosent hos InFact for VG 26. august, mot 28,1 på deira eiga Respons-måling 18. august. For Ap er tala 27,1 hos InFact og 24,2 hos Respons, og for Sp 10,8 hos InFact og 6,9 hos Respons. Sensasjonelt nok var Miljøpartiet Dei Grøne inne på fast plass på rogalandsbenken med 5,2 prosent på Respons-målinga, men gleda vart dempa då InFact tok dei ned på eit meir normalt nivå med 2,9 prosent veka etter.

Metodediskusjonen er godt dekt på pollofpolls.no, og eg har lite å leggja til der. Det er nok å konstatera at forskjellen mellom institutta også utgjer forskjellen mellom suksess og fiasko for regjeringsalternativa.

La meg likevel prøva med eit par hypotesar om valet i Rogaland og Hordaland.

Kor truverdig er Ap-forteljinga?
For det første: Så langt ligg Ap an til å gjera eit betre resultat i Hordaland og Rogaland i forhold til 2013 enn i resten av landet. Men det er i dagane framover at Ap-styrken på Vestlandet blir sett på prøve.

I Rogaland, som framleis er fylket med størst arbeidsløyse i landet (4,0 prosent i juli mot 2,8 i landet under eitt), har Ap på alle dei fire siste målingane hatt tal klart over 2013-resultatet. Det kan indikera at partiet sin kritikk av regjeringa for svak innsats mot arbeidsløysa, har slått betre an her.

Men heller ikkje i Rogaland fangar målingane opp den siste utviklinga. InFacts VG-måling vart publisert 26. august, men vart tatt opp 18. august, altså heile åtte dagar før. Dermed kan det henda at målinga ikkje reflekterer Ap sitt fall nasjonalt dei siste dagane, og heller ikkje dei positive utsiktene for norsk økonomi og sysselsetting som vart presenterte denne veka. Dersom det er rett at kampen mellom Erna og Jonas nå står om kven som har den mest truverdige forteljinga om korleis det eigentleg går med Norge for tida, så vil svaret til rogalendingane og hordalendingane vega tungt i vektskåla.

Svakare Sp-appell?
For det andre kan det henda at Senterpartiet sin appell er svakare i Rogaland og Hordaland enn i resten av landet. Respons Analyse sine målingar gir i alle fall partiet svært liten framgang her, samanlikna med andre fylke. Forklaringar kan vera at dei typiske utkantveljarane er færre i desse to fylka, det har ikkje vore tvangssamanslåing av kommunar eller store kontroversar om andre reformer, og Rogaland held fram som eige fylke. Dessutan er det jo lenge sidan nokon har sett ulv på desse kantar.

Skal fleirtalet skifta 11. september, bør Ap og/eller Sp erobra mandat frå Nydalen-partia både i Rogaland og Hordaland, minst eitt i kvart fylke. Slik det nå ser ut, kan den jobben bli tøffare enn mange trudde.

Tom Hetland, kommentator

Del på Facebook

Omtalte kommuner

Flere artikler om omtalte kommuner